Til innholdet

Rennebusongen

Tone: Olav Budeng
Tekst: Jon Gunnes

 

1.

Innunder blåe himmelrand,
så bjart mot Trollheims tind,
eg ser ein lut av Noregs land
som til mitt hjarta finn.
Med dal og skogli, fjell og skru,
med syn for strev og strid
frå sterke feders tid,
slik stig du fram, mitt Rennebu.

3.

Lat minnast kvar den far og mor
som fram til sine born
i odling gav deg, heimejord
til bu med gylne korn.
Dei bar deg fram med hug og hand,
og da dei stilna av
og arven frå seg gav
i famnen din dei kvile fann.

2.

Ja, Rennebu, mi fagre bygd,
du står meg alltid nær.
Du gav eit rom til heimleg trygd
hjå dei som eg fekk kjær.
Her har mi vogge stått ein gong,
og her, i sæle ro,
ho varna om meg ho
som lærde meg den fyrste song.

4.

Gud, signe du mitt Rennebu
og lat det lagast så
at eg i fridom, von og tru
min arv kan byggja på.
Lat tonen frå min fedregrunn
som stig i sigers namn,
som viser veg til hamn,
få fylgja meg til siste stund.

 

rennebusongen1

Publisert: 13. mai 2009 ▪ Sist endret: 13. mai 2009